Ein varm møteplass for alle
Vedfyrt og sjølvbetent badstove på Steinneset, ytst i Os hamn. Du fyrer opp sjølv, og sjøen ligg rett utanfor døra.

Fem til åtte økter kvar dag
Morgonøkta er lengst, for då er badstova kald, og du fyrer henne opp sjølv. Utover dagen er ho oftast varm frå før, og då er økta kortare. Veden er med i prisen.
Veden er med i prisen. Han ligg klar i kista i garderoben. Booking og betaling skjer hos Periode.

Kva det kostar
Du betaler per plass, og veden er med. I helga kostar plassen litt meir.
Veden er med i prisen. Morgonøkta er lengst, for då er badstova kald og du fyrer henne opp sjølv.
Sjå alle prisar →Kjem du ofte?
Slik gjer du
Ingen møter deg i døra. Alt du treng, får du på e-post når du har booka.

Inne i badstova
Flytande modul i lyst, ubehandla furu, med overbygd veranda og badestige rett i sjøen. L-forma benk i to nivå, to låge vindauge mot hamna og vedfyrt omn. Ti plassar. Badstove og konsept av Lokalkontoret.

Vegen dit
Badstova ligg på Steinneset, ytst i Os hamn i Osøyro.
- parkering
- om lag 30 meter å gå frå parkeringa
- toalett
- ingen toalett ved badstova
- garderobe
- omkledningsrom på staden, ingen dusj
- nedkjøling
- badestige rett i sjøen frå dekket
- aldersgrense
- 16 år, yngre er velkomne i følgje med ein vaksen over 18
- kapasitet
- ti plassar per økt
- etter økta
- lat badstova stå slik du fann henne, og lås att etter deg
Godt å vita før du kjem
Badstova er sjølvbetent, så det meste går av seg sjølv. Her er det gjestene spør oss om oftast.
Er badstova varm når eg kjem?
Badstova er sjølvfyrt, så det kjem an på økta. Morgonøkta (kl. 08.00, i helga kl. 06.00) startar med kald badstove, og du fyrer henne opp sjølv. Utover dagen er ho oftast varm frå økta før. På framsida ser du kor varmt det er i badstova akkurat no.
Kva må eg ta med?
Handkle til å sitja på, badetøy og noko å drikka. Veden er med i prisen og ligg klar i kista i garderoben.
Kor mange plassar er det?
Ti plassar i kvar økt. Du kan booke éin plass i ei fellesøkt og dele badstova med andre, eller booke heile badstova til ein fast pris og ha henne åleine. Begge delar gjeld same økta.
Kor ligg badstova, og kor parkerer eg?
På Steinneset, ytst i Os hamn i Osøyro. Frå parkeringa er det om lag 30 meter å gå.
Korleis kjem eg inn?
Du får ein kode på e-post når du har booka. Koden opnar kodelåsen på døra og gjeld for økta di. Fekk du ikkje koden, sjå i søppelposten eller spør oss.
Kor lang tid tek det å fyra opp?
Ein kald omn treng litt tid, og difor er morgonøkta tre timar mot to timar seinare på dagen.
Driven av Os Turnforening
Os Sauna er eit sosialt og helsefremjande tilbod på Steinneset. Os Turnforening driv badstova på frivillig basis, og målet er enkelt: å gjera det lettare for alle, uavhengig av alder, form eller bakgrunn, å ta vare på både kropp og sinn.
Pengane frå kvart besøk går til idretten for barn og unge i Os. I 2025 gjekk dei mellom anna til det nye klubbhuset og garderobeanlegget på Kuventræ, og til inkluderingsfondet som skal sikra at ingen står utanfor idretten av økonomiske grunnar.
Om Os Turnforening →