Laget bak badstova
Os Turnforening er ei ideell idrettsforeining i Bjørnafjorden. Foreininga eig og driv Os Sauna på frivillig basis, og alt overskotet går til idretten for barn og unge i Os.

Slik byrja det
Sommaren 2023 lyste Bjørnafjorden kommune ut ein konkurranse om ei badstove på Steinneset. Os Turnforening vann med ein visjon om ei lågterskel, rimeleg og arkitektonisk merkverdig badstove, bygd med lokal arbeidskraft og lokale råvarer. Den fyrste økta gjekk 21. oktober 2023.
Driven på dugnad
Det er ingen vert i badstova og ingen tilsette. Frivillige i foreininga fyller på ved, held tilsyn med anlegget og svarar på e-post. At du fyrer opp sjølv og ryddar etter deg er det som held prisen nede.
Kvar pengane går
I 2025 gjekk inntektene frå badstova mellom anna til det nye klubbhuset og garderobeanlegget på Kuventræ, og til inkluderingsfondet til foreininga, som skal sikra at ingen står utanfor idretten av økonomiske grunnar.
Ytst i hamna
Plasseringa ytst i Os hamn er krevjande. Hausten 2025 sleit stormen «Amy» i forankringa og tvinga oss til å stengje. Kort tid etter vart heile forankringsarrangementet overhalt, og badstova er no tryggare festa enn nokon gong.